Fredag 22. november vert det redusert fartsgrense ved Holmaneset på Fylkesveg 614.
Onsdag 27. november vil det i korte periodar vere manuell dirigering i same område.
Informasjon om arbeidet
Fredag 22. november skal det gjennomførast undersøkingar på vegen og vegskulder ved Holmaneset. Området som skal undersøkast er merka på kartet under.
Medan arbeidet pågår vil det bli satt i verk tiltak å redusere farten. Dette er for å sikre trafikktryggleiken. Undersøkingane er ein del av prosjektplanlegginga for oppgradering av fylkesvegen i forbindelse med det planlagte produksjonsanlegget for grønt hydrogen og grønn ammoniakk på Holmaneset.
Onsdag 27. november vil det vere manuell trafikkdirigering i to korte periodar. Det vert i forbindelse med lossing og lasting av utstyr. Periodane er truleg på 15 minutt, når utstyret leverast til Holmaneset, og ein tilsvarande periode på ettermiddag/kveld når utstyret skal fjernast frå området.
Vi ber om forståing for eventuelle ulemper dette kan medføre og oppmodar sjåførar til å vere merksame på skilting og trafikktiltak i området.
Området som skal undersøkast fredag 22. november er markert i blått på bilete under. Onsdag 27. november vil trafikkdirigeringa vere avgrensa til eit mindre område, om lag ved blå markør lengst til venstre i bilete.
Området ved Holmaneset der undersøkinga skal føregå og det vil vere trafikkdirigering.