To informasjonsmøter om Holmaneset-saka

Bremanger kommune og Holmaneset H2 AS (Fortescue) inviterer til informasjonsmøte den 21. oktober og open kontordag 22. oktober. Informasjonsmøtet går grundig gjennom prosjektet, både vidt og breidt, og det blir svart på spørsmål frå publikum. Du kan også melde deg på den opne kontordagen dersom du vil ha eit direkte møte med kommunen eller Fortescue for spørsmål og drøfting. 

Informasjonsmøtet er måndag 21. oktober kl. 18.00 på samfunnshuset i Svelgen. Formålet med informasjonsmøtet er å informere om prosjektet, løysingane som er foreslått og kva vurderingar som er gjort. Det blir høve til å stille spørsmål om planen, og få meir informasjon om ulike deltema. 

Dagen etterpå, tysdag 22. oktober, blir det open kontordag på Brunosten (gamle banklokalet på Granden). Dette er eit tilbod til dei som ynskjer å komme i direkte kontakt med kommunen og Holmaneset H2 AS (Fortescue) for å stille spørsmål eller drøfte planforslaget. Merk at alle innspel/merknader til planforslaget må leverast skriftleg innan høyringsfristen 31. oktober 2024. 

Det vert sett av inntil 20 minutt til kvart møte. Møta kan også gjennomførast digitalt om det er ønskjeleg. 

Du melder deg på open kontordag ved å kontakte servicekontoret i Bremanger kommune tlf. 57 79 63 00 eller på epost post@bremanger.kommune.no

Terrengfoto av Holmaneset  - Klikk for stort bilete © Kartverket