Oppdatert: Planlagt arbeid på Holmaneset

Geotekniske undersøkingar føregår på Holmaneset fram til veke 43 eller 44. Det var planlagt gjennomført i veke 34-39, og er no forlenga. 

Det skal tas jord- og steinprøver som vil nyttast i vidare teknisk planlegging av produksjonsanlegget for grønt hydrogen og grønn ammoniakk. Undersøkingane vert gjennomført med borerigg på land. Borepunkt er markert i kartutsnittet under. Kulturminneregistrering er markert i blått med omsynssone fastsett av Vestland fylkeskommune. Det vil ikkje bli rørt ved i det planlagte arbeidet. Store tre vil heller ikkje bli kutta i prosessen med å kome til borepunkta, ifølgje Fortescue. 

Borerigg lossast av og på tilhengjar på fylkesvei 614 ved to høve: ved oppstart og avslutning av arbeidet. Det vil gje noko trafikkforstyrringar i to korte periodar då trafikken vil haldast tilbake av vaktposter. I arbeidstid vil skilting varsle om at det går føre seg vegarbeid på staden.

Arbeidet starta opp onsdag 21. august og avslutter i anten veke 43 eller 44.

Satellittkart over Holmaneset med gule og blå punkt  - Klikk for stort bileteKart over borepunkt på Holmaneset. Blå sirkel markerer registrert kulturminne. Fortescue

 

svart kvitt kart over Holmaneset. Ruta til boreriggen er markert fram til borrepunkt. - Klikk for stort bilete Fortescue

Kontaktperson er Karina Lavik i Fortescue. 
karina.lavik@fortescue.com
+47 920 13 454.