Deltakarane på Hauge Oppvekst lagar straum av potetar.–Det er viktig å la ungane utforske tidleg kva ein kan bli som vaksen, seier Kristina Fjelldal. Ho er ein av superlærlingane som leiar aktivitetane til borna i Nordfjordakademiet sitt prosjekt. I sommarferien møter ho mange born over heile Nordfjord i vekelange arrangement, inkludert ungane ho møtte på Hauge Oppvekst. I 2023 vart det arrangert i Ålfoten.
Aktivitetane skal hjelpe 2.–4.-klassingar og 8.–10.-klassingar over heile Nordfjord utforske kva moglegheiter dei har i det framtidige arbeidslivet. Aktivitetane dei gjennomfører liknar på skuleundervisning, men utforskar nye tematikkar. Her lærer dei om straum, matlaging, fysikk og kjemi, koding og berekraft i løpet av veka.
– Dette skulle eg ønskje me hadde hatt om på skulen, høyrer Kristina ofte frå deltakarane.
Det har vore stor interesse blant ungane i 2.–4.-klasse, til den grad at det vart fult og det vart danna venteliste.
– Me i Jakta på superkreftene ønskjer å nå fleire unge i Nordfjord der dei er, seier Kristina. Den store interessa i år gjer ho optimistisk på at dei vil kunne besøke fleire plassar i somrane framover, og då håper ho å sjå fleire 8.–10.-klassingar melde seg på.
Jakta på superkreftene er arrangert av Nordfjordakademiet i samarbeid med Bremanger kommune.
Meir informasjon om ferieklubben finn du her