Fornybartreff i Kalvåg

onsdag 15. mai 2019, 19:00 - 21:00

Informasjon

Fornybartreff i Kalvåg - utvikling av eit grønt lokalsamfunn!

 

Alle er velkomne til gratis fornybartreff i Kalvåg - innbyggjarar, næringsliv, organisasjonar og kommune :-) Vi møtast på Knutholmen onsdag 15. mai kl 19 til 21 for å diskutere korleis vi kan utvikle Kalvåg og regionen rundt til eit førebilete innan det grøne skiftet (berre å møte opp utan påmelding, men fint om du hukar av "deltek" på arrangementet på Facebook om du kan).

 

Kalvåg ligg sentralt plassert i energikommunen Bremanger, som eit grønt energipunkt på Riksveg 1. Det er enormt med energiressursar i Bremanger. Både lokalsamfunn og maritim sektor skal heilelektrifiserast dei neste åra, helst med opphavgarantert fornybar energi. Dette gjev Kalvåg eit unikt utgangspunkt for ny utvikling! Bli med på samlinga og på eit løft for framtida! Møtet vert leia av utviklingssjef i Bremanger Karl Vidar Førde og styreleiar i Forum for Grøn Energi Geir Arne Solheim. Det vert fleire interessante innlegg og drøftingar og alle skal få kome til ordet med sine innspel :-)

 

Nettstad Grøn Energi: www.gronenergi.no.

 

Nettstad: https://www.facebook.com/events/2031276680509758/

Stad

Knutholmen
Holmen 19,  6729 Kalvåg

Tlf.: 57796900

E-post : post@knutholmen.no

Nettstad: http://www.knutholmen.no

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset