Tilsyn med private avløpsanlegg

Bremanger kommune har inngått avtale med Gloppen kommune om tilsyn av private avløp. Tilsynsavdelinga (Nordfjordtilsynet) vil gjennomføre tilsyn med dei private avløpsanlegga i kommunen. 

Ein del av desse anlegga tilfredsstiller sannsynlegvis ikkje dagens krav til reinsing. Avløpsanlegg har avgrensa levetid, og det er særleg eldre avløpsanlegg som gjev fare for forureining. Målet er at alle avløpsanlegg i kommunen skal ha reinsing i samsvar med dagens krav.

Kvifor må vi føre tilsyn med avløpsanlegga?

Det er fleire grunnar til at kommunen har etablert eit tilsyn med private avløpsanlegg.

  • Kommunen har ei lovpålagt plikt til å gjere tilsyn etter forureiningslov og -forskrift.
  • Kommunane skal følgje opp vassforskrifta. Etter vassforskrifta § 4 skal alle vassførekomstar (elvar, bekkar og vatn/innsjøar) minst ha god økologisk og kjemisk tilstand. Derfor er det viktig at avløpsanlegga har tilfredsstillande reinsing i samsvar med krava i avløpsregelverket. 
  • I område med private anlegg kan det også vere  drikkevassbrønnar. Avløpsvatn på avvegar kan forureinse drikkevatnet.

Nasjonale krav ligg til grunn for kommunen sitt arbeid med spreidde avløp: 

"Kommunene skal kartlegge og følge opp utslipp fra avløpsanlegg som de er myndighet for (alle avløpsanlegg etter kapittel 12 og 13 i forurensningsforskriften). Kommunen skal gi pålegg om tiltak for anlegg som ikke overholder rensekrav gitt i tillatelser etter 1.1.2007, samt sette i verk tiltak for å sørge for at utslipp etablert før 1.1.2007 blir renset i tråd med rensekravene i forurensingsforskriftens kapittel 12 og 13".

Dokumentet frå Klima- og miljødepartementet

Kva betyr eit tilsyn i praksis?

Du vil få varsel når det skal gjerast tilsyn på avløpsanlegget ditt. Det vil bli utført ein enkel fysisk kontroll av anlegget, der tankar/kummar og eventuelle utsleppspunkt vert inspisert, det blir teke bilde og eventuelle avvik blir notert. Du treng ikkje vere til stades, men det er ein fordel om du er det slik at du kan informere nærare om anlegget. 

Etter tilsynet vil det bli sendt ut ein kort tilsynsrapport. I rapporten vil du få informasjon om eventuelle manglar. Ved større manglar blir det sendt ut eit pålegg om utbetring, med krav om at heile eller delar av anlegget må bytast ut. Ved pålegg om utbetring blir det vanlegvis gjeve ein frist på to år. I tilfelle der det er akutt forureining kan det bli gjeve kortare frist.

Tilsynsgebyr

Alle som har eit privat avløpsanlegg må betale kr 600 i tilsynsgebyr for 2025. Gebyret blir fordelt over fleire terminar. I juni blir det fakturert gebyr for første halvår, og gebyret for andre halvår blir fordelt på 3. og 4. termin. Tilsynsgebyret er eit årleg gebyr som finansierer tilsynsarbeidet, og du må betale gebyr sjølv om ikkje du har fått tilsyn på eigedommen din i år.

Gebyret vil dekke arbeidet med tilsyn og kontroll av private avløpsanlegg som er omfatta av forureiningsforskrifta kapittel 12.  Tilsynsgebyret vert fastsett etter sjølvkostprinsippet. Det betyr at gebyrinntektene ikkje kan brukast til noko anna enn det  gjennomføringa av tilsynsarbeidet kostar. Utgiftene tilsynssamarbeidet har, er blant anna nødvendige IT-løysingar, arbeid med kartlegging av alle avløpsanlegga, oppmøte på tilsyn, sakshandsaming og rapportering til sentrale myndigheiter.

Tilsynsgebyret vert også sendt ut til eigarar av nyare anlegg. Kommunen har same plikt til å føre tilsyn med nye anlegg som for gamle. Nye anlegg kan også ha tekniske feil eller manglar, som gjer at anlegget reinsar dårlegare, eller gjer at anlegget får kortare levetid. Ved å rette opp feil tidleg kan ein ofte unngå større kostnader på sikt.

Kven får pålegg om utbetring?

Etter tilsynet blir det sendt ut brev til alle som har manglar på avløpsanlegget. Vanlege manglar er manglande sikring av lokk, dårleg fordeling av avløpsvatn til infiltrasjon, samt andre tekniske mangler. Dette er ofte feil som er enkle å fikse, og kan gjere at levetida på anlegget blir forlenga. Anlegg som har større avvik, og  eldre anlegg, vil få pålegg om å byte ut heile eller deler av anlegget.

Dei som eig eit anlegg som er eldre enn 30 år må forvente at dei blir pålagt å søkje om nytt utsleppsløyve. For mange vil det bety at dei må bytte ut heile eller deler av anlegget - slik at anlegget oppfyller med dagens reinsekrav.

Lovar og reglar

  • Forurensningsloven § 48 om forurensningsmyndighetenes oppgaver, som gir kommunen som forurensningsmyndighet plikt til å føre tilsyn
  • Forurensningsloven § 49 om opplysningsplikt, som pålegger forurenser å framlegge tilgjengelige opplysninger og dokumentasjon kommunen trenger som forurensningsmyndighet
  • Forurensningsloven § 50 om rett til gransking, som gir kommunen rett til uhindret adgang til eiendom der forurensning kan oppstå eller har oppstått (dette omfatter også rett til å inspisere om fritidsbebyggelse har innlagt vann)
  • Forurensningsloven § 51 om pålegg om undersøkelse, som gir kommunen rett til å kreve at forurenser gjennomfører undersøkelser

Det å føre tilsyn med spreidde avløp er ei lovpålagt oppgåve som alle kommunane i Noreg må gjere.