Oversikt over kondolanseprotokollar i Bremanger kommune

I høve Kong Harald V sin bortgang vil det frå måndag 31. august vere sett ut kondolanseprotokollar kring om i kommunen. Det vil også vere mogleg å legge ned blomar og andre minneuttrykk utanfor hovuddøra til Rådhuset i Svelgen.  

Kong Harald V - Klikk for stort bileteKong Harald V Det Norske Kongehus

Oversikt over stader og tidspunkt.

Innanfor desse tidsromma er alle hjarteleg velkomne til å kome og uttrykke si sorg og medkjensle i kondolanseprotokollane. 

Davik: Klokkartunet mellom kl. 08.00-16.00. 

Hauge: Haugetun mellom kl. 08.00-20.00. 

Kalvåg: Bremanger sjukeheim mellom kl. 10.00-20.00.

Svelgen: Rådhuset mellom kl. 08.30-18.00. (Kun i vekedagane). Det vil også vere mogleg å legge ned blomar og andre minneuttrykk utanfor hovuddøra til Rådhuset fram til gravferda onsdag 9. september. 

Materiale som ikkje er organisk, som til dømes skriftelge helsingar, teikningar og fotografi vil bli samla inn og sendt vidare til Statsforvaltaren for vidare ivaretaking og arkivering. 

Det er også mogleg å nytte den digitale kondolanseprotokollen på Det Norske Kongehus sine eigne nettsider