I denne omgang inviterer kommunen til dialogmøte med grendelaga om dette temaet. Datoen er onsdag 26. november klokka 18.00 på rådhuset i Svelgen.
Svelgen
Bremanger kommune
Husbanken er inne
Tidlegare i haust var det dialogmøte med lokale entreprenørar og Husbanken om behovet for hus i kommunen. No går ein vidare og inviterer grendelaga til dialog om det same.
Ordføraren blir med på møtet, i tillegg til kommunedirektør Tom Joensen, kommunalsjef Karl Vidar Førde og prosjektleiar for tilflyttarkontoret, Dag H. Nestegard.
Det førebelse programmet for kvelden ser slik ut:
- Hei og velkommen.
- Utviklingstrekk og rekrutteringspakken.
- Tilflyttarkontoret, info og status.
- Behovet for hus og kommunen si rolle.
- Grendelag og samarbeid.
- Spørsmål og svar.
- Eventuelt.